torsdag 30. april 2009

3 stk underverk: Check!

Mektig staar han der og vaktar. 704 meter over Rio de Janeiros gater. Armane er opne, blikket varmt. Det er Jesus Kristus som betraktar oss. Eller, i alle fall ein statue av han. Paa heile 30 meter!


Fraa toppen ser han alt: Dei minimale bikiniane som slit med aa halde dei brasilianske kvinnepuppane paa plass langs sandstrendene paa Ipanema og Copacabana, turistane som blir rana i ein av byens mange sidegater, supportergleda og kaoset paa verdas stoerste fotballstadium - Maracana, og heisene som foerer store folkemengder opp til Sukkertoppen - deriblant oss.




Og kanskje saag han oss (vi synst nok at han smilte litt ekstra) i det vi tok bilde og kryssa av enda eit verdsunderverk paa lista vaar, saman med Chichen Itza i Mexico, Machu Picchu i Peru og Taj Mahal i Inda.

Saa gjenstaar berre Den kinesiske mur i (jah) Kina, Colosseum i Italia og Petra i Jordan. Men det faar bli ein annan gong. No seier vi oss noegde for ei stund:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar