søndag 5. april 2009

Storm og denguefeber

Etter aa ha overlevd tre stappfulle bussar med sure pasasjerar og to uendeleg lange koeer til enda surare imigrasjonspersonar, stod vi endeleg paa Paraguyansk jord.

Bussen satte oss sjoelvsagt av paa ein stoevete motorveg midt i oedemarka. Saa daa var det berre aa gaa. Gradestokken viste 37 grader. Vi var ikledd baade bukse, sokkar og genser paa grunn av denguefeberen som har blussa opp dei siste vekene. Myggsprayen rann.


Heldigvis fann vi fram til Jesuit-ruinane Trinidad. Daa var vi litt for leide til aa leige ein guide (som vanleg), slik at vi framleis veit svaert lite om kva vi eigentleg saag. Men kva kan ein vel ikkje laere ved hjelp av Internett?:p




Klaginga over varmen skulle saa vise seg aa straffast. Paa cirka 4 sekund skifta himmelen farge fraa knall blaa til naermare kullsvart. Saa kom regnet. Etterfulgt av ein kraftig sandstorm.

Vi klarte aa karre oss paa ein stappa buss, som til tider hadde problem med aa halde seg paa vegen. Vi sleit mest med aa halde oss paa beina.


Heldigvis gjekk det bra, ogsaa denne gongen. Og brua heldt til aa foere oss tilbake til Argentina.


Saa kult var det altsaa i Paraguay. Men vi kunne vel ikkje hoppe over eit land i bloggen av den grunn?:p

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar