tirsdag 17. februar 2009

1 stk underverk: Check!

Denne pyramida, "the temple of Kukalkan", er eit av verdas sju moderne underverk. Den ligg beleileg plassert i hjartet av Maya-riket Chichen Itza.

Og der har vi vore:) Toeft!

90 stupbratte trappetrinn maa du slite deg opp for aa kome til toppen paa pyramidare kjendt som "El Castillo".


Berre litt synd at det ikkje lenger er lov etter at ein turist fall i doeden i eit forsoek paa aa bestige det 24 meter hoege underverket.

Dermed maatte vi nyte den ytre pyramida, vel vitande om at det paa innsida er enda ei pyramide. Der hylla Maya-folket gudane sine paa ei jaguarforma trone rundt 500 til 800 aar etter kristus.


Paa "The great ball court" gjorde Daniel eit iherdig forsoek paa aa faa ballen gjennom steinringane.

Kanskje var det like greit at han ikkje greidde det, daa kapteinen paa det vinnande laget maatte servere hovudet sitt paa eit soelvfat til kapteinen paa det andre laget. Paa denne maaten fekk han visst ein direkte billett til himmelen.

Ok. Faktainformasjonen i denne saka kan nok takast med ei klype salt, daa vi hverken hadde interesse eller nok pesos til aa ha ein heseblesande guide hengande over oss.

I staden tjuvlytta vi paa dei som tilsynelatande var meir kultiverte:)

1 stk underverk er notert i reisedagboka. Two more to go!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar