- Det kan vise seg aa vere det siste dokke gjer.
Det var den fyrste beskjeden guiden vaar gav oss, der vi stod midt i tjukkaste Amazonas. Og lydig gjekk vi djupare inn i den ville, moerke og noksaa skumle skogen. For den mektige jaguaren ville vi sjaa.
Likevel la vi oss, med god tru paa at morgondagen ville bringe lykke. Rommet vaart hadde eit golv. Noko doer eller vindu fanst ikkje.
Dei tre flatene som var satt opp rundt senga vil vi ikkje karakterisere som veggar, daa kven som helst forbipasserande kunne sjaa rett gjennom dei. Der den fjerde veggen normalt er, hadde vi Amazonas som utsikt. Ikkje meir enn eit par meter unna. Eit slags enormt tak ramma rommet vaart inne, der utallige flaggermus tydelegvis hadde samlast til fest.
For dei som er interesserte i fuglar, sneglar og gedigne maur, hadde sikkert dag nummer to vore ei rein glede. Vi hadde derimot stoerre forhaapningar. Vi kryssa derfor fingrane for ein vellykka kveldstokt.
Midt i svartaste natta steig vi inn i den enda svartare skogen, vel vitande om at eit slangebit kunne resulerte i ei arm eller eit bein mindre. Men kva risikerte vi vel ikkje for aa faa eit glimt av jaguaren?
Alt vi saag var det straalane fraa lommelykta traff. Resten var svart. Vi hadde nesten gitt opp haapet. Saa plutseleg starta guiden aa vifte med armane. Lommelykta hans hadde truffe blink:
Ein frosk? Ein liten groen drit? Det var altsaa dette vi hadde jobba ein heil haust for aa faa raad til aa sjaa. Alt haap var ute. Slaget var tapt.
Trudde vi.
Kanskje saag guiden skuffelsen i auga vaare. For plutseleg drog han opp noko som saag ut som ein lang pinne fraa vatnet:
Etter litt klapping og kosing med krokodilla, sa vi oss fornoegde. Tarantellen paa veg heim, vart dermed heilt unoedvendig for Lisa sin del.
Lite hyggeleg var det ogsaa aa oppdage at gjentekne dobesoek i det fri hadde resultert i over 40 myggstikk paa Lisa sin bakende. Likar Lisa jungelen? NEI!
Heldigvis redda solnedgongen inn nokre hyggelege minne:
- Kor ofte ser dokke eigentleg jaguar? Saann ein gong i aaret, spurte vi guiden foer avreise.
Han himla med augene.
- Nei, nei, nei.
Vi var tydelegvis heilt paa jorde.
- I fjor saag eg to.
Oiii, spennede med jungel!! :O
SvarSlettMoro å lese:)