mandag 30. mars 2009

Umulege Uruguay

Vi proevar alltid saa godt vi kan. Men cafe- og restaurantbesoeka endar ikkje alltid like godt. Uruguay blei intet unntak. Heller verre, der vi reknar med at god service ikkje staar oeverst paa timeplanen:


- Tienes una carta en ingles? (Har du ein engelsk meny?)
- No. (Nei.)
- Snakkar du engelsk?
- Nei.
- Snakkar nokon andre her engelsk?
- Nei.


Nei vel. Takka vere dette bruker vi gjerne aar og dag paa aa proeve og forstaa menyen. Dei 30 000 spanske matrettane har nemleg ein lei tendens til aa skifte navn fraa land til land.

Dermed faar vi ofte servert heilt andre ting enn det vi trur vi bestiller, som naar Lisa poengterar at salaten maa vere utan oliven, og ho endar opp med ein olivensalat. Eller kelnerane gir opp, og forlater bordet midt i bestillinga.


Ordet NEI ser ut til aa vere det viktigaste dei laerer paa den Uruguyanske service-skulen. Som naar vi vil betale med sedlar, er det ingen som har vekslepengar:

Vi har vandra gater opp og gater ned. I steikande sol. Foeta verkar, og halsen er skrikande. Paa kiosken ventar det etterlengta, iskalde vatnet.

- Det blir 3 pesos.

Daniel leitar febrilsk i pengepungen. Hoeyrer vatndraapen som treff disken. Ja, der er 20'aren. Alt han faar tilbake er eit utrykkslaust blikk.

- Nei. Har ikkje vekslepengar.

Saa er det berre aa traske vidare, utan vatn. Vel vitande om at nabobutikken heller ikkje har smaapengar.



Ellers gjer dei aller fleste det dei kan for aa faa tak i pengane vaare. Som naar eit punkt paa rekninga viser ein ukjendt sum:

- Unnskyld, Sir? Kva er desse 30 pesosane for noko?
- Broed, svarer kelnaren.

Men vi har ikkje roert broedet. Og peikar paa kurva.
Kelnaren kikar litt ut i lufta, saa har han svaret klart.

- Det er for serviettane, seier han og viftar med den skifte toeyfilla.

Saa er det altsaa berre aa bla opp.


Men fortvil ikkje. Skal du til Uruguay, endar ikkje alt i dunken. I Montevideo fekk vi servert monsterbiffar utan sidestykke. Og ser ein bort i fraa den udugelege servicen Uruguay har aa by paa, saa er eit opphald i landet absolutt til aa anbefale. Kanskje kan dette overtale magesekken?

1 kommentar:

  1. Hallo på dere - Ja biffen frister meg nok endel, men ellers er vel Uruguay det landet som står øverst på ønskelisten. Slitsomt med folk som hele tida er ute etter å "lure" fra deg pengene. Lykke til videre. Hilse S+S

    SvarSlett